Anbefaling
Litteraturprofessor blir etterforskar når leigebuaren forsvinn sporlaust.
Drivande god og annleis krim.
Me kjem mellom anna innom opera, Freud og boligjakt i denne overraskande boka. Den er spanande, men og morosam!
Ravatn skildrar personar og dilemma med eit skarpt blikk. Spenninga held seg til siste side!
Astrid Fylling Hodne
Nærbø
Om boka
Nina Wisløff er ein vonbroten førsteamanuensis i litteratur ved Universitetet i Bergen. No skal huset ho deler med ektemannen i Birkeveien, den travle helsebyråden Mads, rivast for å gjere plass til den nye traséen til Bybanen. Dei treng ein ny plass å bu, og Nina reiser på synfaring med dottera Ingeborg. Men brått forsvinn leigebuaren deira, åleinemora Mari Nilsen. Etterforskinga blir raskt lukka, og stille tek Nina på seg oppgåva med å finne ut av kva som skjedde. Oppdaginga hennar viser seg å få store konsekvensar for både ho og resten av familien. Omtalen er utarbeidd av BS.