Omslag: "Xiania. 2. Ada" av Lotta Elstad
Vaksne

Xiania. 2. Ada

Lotta Elstad

Historiske forteljingar RomanarBysamfunn Unge kvinner Oslo 1920-talet
Bestill

Anbefaling

Bok nummer to om det harde, brutale livet i Kristiania tidleg på 1900-talet.

Har du lest den første boka om Xiania (uttalast Krist iania) ? I bok nummer to får me forhistoria til Ada, som me møtte i bok ein. Me fylgjer henne frå barndommen på slutten av 1800-talet, og gjennom ungdomstida og inn i vaksenverda. Tempoet i boka er godt, språket er rått og upolert, og forfattaren gir slett ikkje noko glansbilete av gamledagar i desse bøkene. For dei fattige er livet hardt og nådelaust. Lotta Elstad viser ein imponerande kunnskap om tidsperioden - om byen, gatene, kulturen, politikken, helsevesenet og levekåra. Mange lesarar vil nok kjenna seg glad for å leva nå og ikkje då. Og så er det imponerande kva me menneske klarer å leva med når me ikkje har noko anna val enn å kjempa og stå på. Ei forfriskande annleis bok om «gamledagar»!

Om boka

Hun er alene hjemme da moren føder lillebroren Leander og blør i hjel. Så spiller faren hånda hennes bort til en nordmann i et slag kort. Men på bryllupsreisen klarer Ada å rømme. Hun havner i Kristiania (Xiania), får seg jobb som vaskedame i et av Vaterlands mange gledeshus, der hun deler kjellerrom med den fattige legestudenten Nastinka. Hun lærer Ada å lese - og sammen starter de etter hvert en underjordisk, illegal virksomhet i byens mest livlige og lurvete strøk. Xiania 2. Ada er andre bok i den populære Xiania-serien.