17. februar - 9. mars
Kva er dine leseminne?
Kva andre minne dukkar opp når du mimrar om barndommen si lesing? Nå kan du dela dine leseminne!
Minnene om barndommen si lesing er ofte nært kobla saman med andre minne. Det me las, kan seia noko om kven me var, og kven me er.
I ei tid der færre les på fritida og i familien, ynskjer me å vekka til live verdien lesinga har for sjølve livet.
Bli med oss på dette! Del dine leseminne med Nasjonalt lesesenter og ver med i trekninga av konsert- og festivalbillettar!
Kva er Leseminne?
Leseminne er ein formidlingskampanje i regi av Nasjonalt lesesenter. Målet er å vekka til live leselyst og leseglede hos barn og vaksne, gjennom å hugsa og dela minnene våre knytta til lesing og litteratur. Svara du gir i kampanjen kan bli brukt til formidling, men alle bidrag blir anonyme.