"Mine små leksikon" er faktabøker for dei aller yngste. Dei er i lite format (18x19 cm.), og har polstra permar. Bøkene formidlar fakta på enklast mulig måte, og leggjer vekt på pussige små opplysningar som er dei tinga barn gjerne lurer på. Frodige, barnlege teikningar med mykje humor gjer at bøkene også kan fungere som ei peikebok for dei aller yngste. Boka "På hjul!" handlar om kjøretøy som har hjul, og ser på korleis ein bil verkar, korleis kjøretøya blir brukt til både nytte og hygge og korleis ein lagar ein heilt ny bil. Nynorsk tekst.