Jon Utskott er miljøvernar. Kvart år syklar han Noreg på tvers, for å halde møte og skape blest om saka. På sykkeltur nummer tjueni let han dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth få bli med. Men han får ikkje lov til å bruke bil, og må sykle, bu i telt og ete grønnsaker som hovudpersonen sjølv. Dei er ikkje alltid like velkomne, og Jon Utskott må minne sin følgjesven om at det ikkje er for ingen ting at det heiter miljøkamp. Brit Bildøen debuterte i 1991, og har skrive essaybøker, diktsamlingar, romanar og bøker for barn. Omtalen er utarbeidd av BS.