Hildegunn oppsøker mora Vibeke, som er psykisk ustabil, for første gong på mange år. No er Hildegunn gravid. Dette møtet mellom mor og dotter åpnar romanen, og kastar lesaren inn i historia til Vibeke og hennar oppvekst i ei vestlandsbygd. Gradvis nærmar vi oss ei dramatisk hending som pregar dei begge. «Alt det lyse og alt det mørke» er ei forteljing om å forstå og leve med fortida. Omtalen er utarbeidd av BS.