Angen av bork og ein brennande einerbusk

Vaksne

Angen av bork og ein brennande einerbusk : om Alfred Hauges forfattarskap

Jan Inge Sørbø

2001

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Alfred Hauge (forfattar), 1915-1986
Alfred Hauge (1915-86) var ein forfattar med ei uvanleg sterk utvikling. Han debuterte i 1942 med den enkle, oppbyggelege fortellinga "Septemberfrost", og avslutta forfatterbanen med nokre av dei mest eksperimentelle bøkene i norsk etterkrigsprosa, samla i "Utstein Kloster-syklusen". I denne boka hevdar Jan Inge Sørbø at det ligg ei grunnleggjande spenning mellom ytre og indre, mellom realisme og visjonslitteratur, heilt frå dei første bøkene av. Denne spenninga gjer at Hauge prøver ut og sprengjer den eine litterære forma etter den andre. Samstundes finst det ein konstant problematikk så å seia frå første bok, som er knytt til det lidande menneske, til Guds nærver i lidinga og samanhengen mellom liding og kunst. Denne problematikken blir undersøkt i skiftande former, med stort alvor og stor humor, i ein av dei mest mangslungne forfattarskapane i norsk litteratur. Med litteraturliste. Nyn.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content