Lån boka
Anbefaling frå biblioteket
«Arvejord» av Maria Turtschaninoff er ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge!
Garden Neverbacka, og jorda og skogen og myra som høyrer til er «hovudpersonen». Dei ulike kapitla er nesten som noveller. Me møter personar som eig eller bur på garden frå 1600-tallet og fram til i dag. Boka minner meg om Mytting si «Hekneveven» på grunn av innslaga av folketru og det overnaturlege, og kjærleiken til vanlege bygdefolk. Den minner også om Jenny Erpenbeck si bok «Hjemsøkelse», som har eit feriehus som hovudperson. Forfattaren har eit svært godt språk, med mykje mellom linjene, og ho lagar gripande personportrett. Forteljinga skaper undring, kjærleik og respekt for naturen - jord, skog, myr, bekk, dyr og fuglar. Den er óg tankevekkande i høve til klimakamp, vern av urørt skog/natur og forvalting av gammal kultur. Men først og fremst er dette ei svært vakker leseoppleving!
Marit L. Undheim
Nærbø