Boka inneheld 16 noveller for større barn og ungdom. Sjølv om dei handlar omulike tema, har alle noko å fortelje om angst. Alle er redde for eit eller anna, alt frå bikkjer og kakerlakkar til ranarar og attgangarar. Dei færraste av novellene kallar likevel ikkje på bikkjeredsla. Nokre gjer inntrykk av å ha gått føre seg for ei stund sidan. Dette er korte og greie historier, utan at nokon av dei utmerker seg særskilt. Språket flyt rimelig godt i forholdsvis moderne nynorsk språkdrakt.