Lån boka
Om boka
Dette er ei forteljingsbok, ei faktabok og ei eventyrbok om brunbjørnen og isbjørnen. Boka inneheld "Harde fakta", med sagn, eventyr og ordtak, forutan fleire fotografi og teikningar av dyra; her er mye spennande kunnskap å hente. Stoffet er knytt opp mot ei skjønnlitterær historie om to barn i Nord-Trøndelag som på fleire måtar kjem nær inn på både store og små bjørnar, og der hovudbodskapen er at både sau og bjørn har rett til å leve. Bonden må verne om sine dyr, men har også ansvaret for å passe på husdyra sine. Forteljinga gjev eit godt inntrykk av problema kring sauehald og freding av rovdyr. Ei lang og brukarvenleg liste viser til: Barnebøker og forteljingar, Andre eventyr, Faktabøker og oppslagsverk, Teikneseriar, Film og Video m.m. Første gang utgitt i 1998. Boka har nynorsk tekst. Frå ca. 9-12 år. Ib.,