Gunnar Garfors har vore i alle land i verda, men no skal han utforske sitt eige land. Vi nordmenn har dei siste åra vorte meir og meir glade i å dra på ferie i Noreg. Men dei fleste av oss oppsøkjer fyrst og fremst dei mest kjende turistattraksjonane. Garfors syner oss at det ikkje er nødvendig for å få fine opplevingar. Det finst mange ukjende, flotte stadar som berre ligg eit lite stykke unna allfarveg. Er du interessert i originale reisetips, er dette boka for deg. Det er ikkje ein vanleg reiseguide, men ei bok med tips til inspirasjon. Noreg er eit stort og flott land, og vi treng ikkje reise langt for å oppdage heilt unike stadar. Omtalen er utarbeidd av BS.