Roman  •  6 – 10 år

Då eg var liten var det krig

Nina Molstad Andresen

1995

Illustratør:
Johanne Emilie Andersen

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

I denne lille sjølvbiografiske boka fortel forfattaren korleis krigen kan opplevast av ei lita jente. Ho gir lesaren ein skisseaktig framstilling settmed korte linjer. Det er lagt vekt på dei ytre skildringane av små og store hendingar. Til dømes blir den tamme andungen Pelle omhandla like nøye som dei polske krigsfangane. Det blir fortald om både gode og onde dagar, og sjølv den vesle jenta skjønar at livet ikkje berre er svart og kvitt. Lesaren blir lite kjend med personane i boka, men i små kvardagsglimt ser ein at barn kan leike og ha det ganske bra trass i alt. ISBN 8252146163 Nina var 8 år i 1940, då krigen kom til Noreg og også til hennar heimbygd. I denne boka fortel ho korleis ho opplevde krigsåra - med heimestrikka strømper som klødde, flyalarm om natta, matrasjonering og nedgraven radio. Folk vart ofte sjuke men fekk ikkje hjelp, dei tyske soldatane lokka ungane med sjokolade. Polske krigsfanger kom til bygda, endeleg fekk Nina og brorengjera nytte for seg... Minna er både gode og vonde. Då freden endeleg kom var det glede, men det vart også rom for hat. Illustrert av Johanne Emilie Andersen. 46 s.

Utgåver