Lån boka
Anbefaling frå biblioteket
Dette er nok ei bok om krigen, men med ein ny innfallsvinkel – krigen frå barnet sin synsvinkel.
Boka skildrer ein gutte-/ungdomsgjeng på Oslo austkant.
Ein av gutane får ein dag eit kart av far sin, der tome hus er avmerka. Guttegjengen dreg på nattlege raid, stel og sel vidare. Foreldrene tek imot utan å stilla spørsmål. Gutane manglar overblikk over den politiske situasjonen, dei forstår ikkje omfanget av det som skjer. Det er knapphet og fattigdom, og ungdommane får etterkvart eit stort forsørgeransvar.
Dei gjorde uverdige handlinger; derav tittelen.
Boka handlar om kva som skjer når ein står ovanfor moralske og etiske valg. Forfatteren har respekt for dei vala som blei gjort, og vil prøve å forstå. Det er et stort persongalleri i boka og dei blir skildra truverdig. Det er mykje handling og detaljrike miljøskildringer. Roy Jacobsen er ein knakande god forteljar.
Astrid Fylling Hodne
Nærbø