Den lange striden

Roman  •  Historiske forteljingar  •  13 – 15 år

Den lange striden : roman

Kolbjørn Brekstad

2001

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Noreg - Historie - -800
Dette er den tredje boka om Rein, hovdingesonen frå garden Vik som kjempar for å overleva som bonde på eigen gard samstundes med at bondekulturen langs fjorden er truga av inntrengjarar frå sjøen og frå fjella. Bøndene vert samde om å gå til krig mot inntrengjarane og vel Rein til krigshøvedsmann. Samstundes forsvinn jenta som Rein elskar, Solvår, og han trur ho kan ha vorte seld som træl på ein marknad. Han kjem og i kamp med ein annan ung hovding og audmjukar ham framfor alle på tinget. Hovdingen tek hemn på eit grusomt og voldsamt vis. Bondehæren vert forrådd og berre Rein si gode leiing reddar livet på mange, men inntrengjarane har fått fotfeste i fjorden og alle bøndene går ei usikker framtid i møte. Denne boka gjev eit spennande innblikk i livet under folkevandringstida. Forfattaren syner gode kunnskapar om liv og virke i vår fjerne fortid, og språket er velklingande og speglar tida og tankegangen hos bøndene som både held trælar og ofrar menneske til gudane sine. Samlaget, 2001.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content