Eplet har sidan Adam og Eva hatt ei særstilling i fruktverda. I denne boka viser dei to epleentusiastane Sara Grethe Eitrheim og Astrid Grønsnes at eplet er meir enn ei kvardagsleg frukt som heng på treet og ligg på fruktfatet. Dei to tar lesaren med på ei spennande epleferd gjennom segn og mytar, norsk eplehistorie, eplet i kunsten, epledyrking, kjerringråd, ordtak og epleleikar. Eitrheim og Grønsnes har samla nærare 200 oppskrifter frå heile landet og byr på eit rikt utval av smakfulle eplerettar: Kaker, salatar, middagar, desserter, drikke og mykje anna godt ? alt med eple som viktig ingrediens. Boka er rikt illustrert med foto, historiske bilete, måleri og teikningar, det meste i farger. Har kjelder og register.