Boka gir ei omfattande og lettlesen innføring i sakprosaens vesen og er ei forteling om viktige bøker i norsk sakprosahistorie. Med utgangspunkt i store mengder faglitteratur fråmange land vandrar Ottar Grepstad mellom retorikk, historie, samfunnsfag og litteraturvitenskap. Belagt med talrike døme frå enkelttekstar og forfattarskap munnar resonnementa ut i ein retorisk teori om sakprosa. Ved sida av den tematiske framstillinga står og ein krønike over norsk sakprosa,med omtale av 259 titlar. Forfattaren presenterer ei bok for kvart år mellom1737 og 1996. Bøker som representerte noko nytt, skrifter som fekk følgjer. Boka kan og brukast som ei nyttig oppslag- og referansebok. Med notar, kjelder, person- og stikkordregister. Nyn.,