Den minst actionfylte gata i heile Kramsvik er Granittvegen. Der bur kameratane Frank og Kristoffer. Dei er nesten naboar, det er berre huset til gamle fru Syvertsen som ligg mellom husa deira. Gutane elskar å spele data. Gaming er det desidert kjekkaste dei veit om. Ein kveld dukkar det plutseleg opp ei drone i kveldsmørket. Når gutane undersøkjer dette nærare dukkar det opp nye mystiske ting. Endeleg begynner det å skje ting i Granittvegen. Spenning for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.