I denne boka berettar Kari Veiteberg, den første kvinnelege biskopen i Oslo, om korleis det er å skjøtte gjerninga i ein tid prega av pandemi, klimaendringar, flyktningar og fundamentalistiske krefter. Veiteberg snakkar om korleis ho møtar desse utfordringane. Noreg er eit sekularisert samfunn, men ein kan spørje om ein kristen tru kan gje lindring på måtar ein ikkje finn andre stader. Boka gir også tilbakeblikk på oppvekst og vegen inn i prestekallet. Med stor engasjement tenkjer Veiteberg høgt om himmelen, håp og det heilage i ein tid med stadige endringar. Omtalen er utarbeidd av BS.