Einars bok

Biografiar  •  Vaksne

Einars bok

Katrine Sele

2021

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Døden - Sorg - Foreldre
  • Einar Prestøy Sandsund, 2012-2017
  • Metakromatisk leukodystrofi : sosialmedisin
Einar var tilsynelatande eit barn lik alle andre. Han leika og utforska verda. Men rett før han vart to år, fekk foreldra hans ein beskjed som snudde opp ned på livet deira. Einar hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Han rakk berre å bli fire og eit halvt år og éin dag. I dei åra var kvar einaste dag dyrebar, og Einars historie viser at eit kort liv kan vere fullt av fine opplevingar. Men boka fortel òg om korleis ein som forelder av eit alvorleg sjukt barn må handsame mange vonde dagar, og korleis vi møter døden. Historia handlar om Einar, men òg om alle rundt han. Boka inneheld mange refleksjonar over kva det vil seie å elske og miste. Tankane til blant anna Seneca, Joan Didion og Roland Barthes blandar seg med stemmene til dei som sto Einar nær. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver