Trolla i dei djupe, norske skogane vert ofte omtala som dumme, farlege og feige. Samstundes nytter ein ord som godhjarta, rettferdige og omtenksame om himmelens englar. Eit englatroll er eit lite troll som har mot til å vera annleis. Eit troll som har mot til å seie meiningane sine, eit som tør å stå opp for seg sjølv og for andre småtroll. Englatrollet Elea har mot til å seie i frå om noko som ikkje er slik det skal vere. Ho skal byrje på skulen, og opplever mobbing i sitt møte med dei store trolljentene i skuleskogen. Dette er ei forteljing om mobbing, og utfordrar dei minste til å tenkje over korleis dei er mot andre, og korleis andre er mot dei. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet.