Fallgard

Roman  •  Vaksne

Fallgard : roman

Martin Baldysz

2024

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Sorg
  • Forelsking
  • Unge kvinner
  • Øysamfunn
  • LHBT+
Det er sommar på Mulen, øya i havgapet. Her bur Ingeborg saman med foreldra og dei yngre søskena. I det vesle øysamfunnet går livet sin gang med kyrkjemøte, fiske og gardsarbeid, slik det alltid har gjort. Verda utanfor verkar fjern, men det moderne samfunnet bankar stadig oftare på og trugar det som er trygt og sett. Ingeborg lengtar forbi fallgarden som bryt bølgjene kring øya. Men det er også ein annan lengt i henne. I alt ho gjer, ynskjer ho seg til det grøne huset på andre sida av øya. For der bur Olaug, som nettopp har vorte enkje. Olaug med det svarte håret og dei sterke armane. Kva er det med Olaug som er så annleis, som får Ingeborg til å kjenne seg både innestengd og fri?

Utgåver