Roman  •  Spenning  •  11 – 15 år

Farleg mørker

Erna Osland

1996

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

I tredje boka om Ruben og Gina er heltane attende i Bergen, og no er det ei mystisk forsvinning som må få ei løysing. Onkelen til Ruben uteblir frå fødeklinikken då kona nedkjem. Ingen veit kvar han er, men då han har hatt ei dame på si, mistenkjer alle han for å ha gjort eit nytt sidesprang. Rubenog Gina bestemmer seg for å finne den kvinnekjære onkelen. Dei greier det, og det viser seg at denne gongen treng verkeleg onkelen deira hjelp. Litt spenning får lesaren, men det heile utviklar seg slik at ein ofte skjønar kva som kjem til å skje. Hovudpersonane er truverdige og levande - småforelska, mørkredde og ikkje alltid så tøffe som situasjonane krev. Historia er fortalt i ein knapp stil med korte setningar, små avsnitt og mange små kapittel som gjer at boka er lettlest og eit godt tilbod til ungdom som treng lettleste bøker. Samlaget, 1996. 100 s. (Sirius-bøkene. Sirius ungdom). Nyn.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube