Lån boka
Anbefaling frå biblioteket
Lågmælt, sårt og hjarteskjerande om einsemd.
Forfattaren har, basert på gamle brev, teikningar, fotografi og minne, framstilt faren sin barndom og oppvekst i romanform. Gjennom forteljinga får me óg eit innblikk i norsk og europeisk historie før og under andre verdskrig. Kva gjer det med ein liten gut å ikkje ha kontakt med jamnaldrande? Å ikkje få bu ilag med mor og far? Korleis pregar det livet som vaksen, og relasjonen til eigne barn? Språket er roleg og várt, stemninga ofte trist og sår. Mykje av det tragiske ligg i alt som ikkje vert sagt og gjort. Som lesar får ein verkelg medkjensle med denne stakkars guten. Og så kan ein jo begynna å reflektera rundt korleis eigne foreldre vaks opp, og i kva grad dette set spor i eigen familie og relasjonar. Dette er ei bok som gjer inntrykk!
Marit L. Undheim
Nærbø