I november 2014 er det 20 år sidan fleirtalet stemte nei til Noregs medlemsskap i EU. I denne illustrerte jubileumsboka følgjer vi den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i 1962, framt til folkerøystinga i november 1994. Boka går nærmare inn på kven som stod mot kvarandre i desse åra, kva debatten handla om, korleis EU-motstanden vart organisert og ikkje minst – kvifor nei-sida vann til slutt.