I denne essaysamlinga utforskar litteraturkritikar Marta Norheim dei uklare sonene som dannar seg i skjeringspunkta mellom kunst og samfunn, mellom natur og kultur, mellom det sjølvsagde og det uhøyrde. Her handlar det om alt frå OL i Beijing, den nye vampyrismen, globalisert litteratur og ikkje minst det utfordrande spørsmålet: "Korleis kan eg vite at ei bok er god?". Norheim blei kåra til Årets kritikar i 2002, og i 2009 fekk ho Olav Dalgards kritikarpris. I 2007 gav ho ut essaysamlinga "Røff guide til samtidslitteraturen".