Dette er ei praktisk idébok med forslag til ulike timeopplegg i kroppsøving. Aktivitetane krev lite utstyr og er lette å organisere. Dei kan tilpassast store eller små grupper, og gjennomførast på store eller små område. Boka inneheld alternative aktivitetar, som ein ved ulike organiseringsmåtar kan differensiere etter kvar elev sine føresetnader. Boka inneheld 35 aktivitetar som kan gjennomførast i sal for små og store grupper, 30 oppgåver på oppgåvekort og 6 aktivitetar for samla klassegruppe. Illustrert med strekteikningar. Kari Aaberge er idrettskandidat med idrett som hovudfag frå Idrettshøgskulen. Nyn.