Furet, værbitt

Sjølvbiografiar  •  Vaksne

Furet, værbitt : eit politisk liv

Hallgeir H. Langeland

2024

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Politikk - Noreg - 2000- : historie
  • Sosialistisk venstreparti - Historie
  • Hallgeir H. Langeland (politikar), 1955-
Rogalendingen Hallgeir H. Langeland sat på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti i 16 år, frå 1997 til 2013. Han har levd heile det politiske livet sitt i opposisjon til makta – samtidig som han har vore ein del av ho, og jobba innafor systemet for å få til endringar han har trudd på. Boka gir nytt innblikk i norsk politisk historie over fire stortingsperiodar, sett gjennom auga til «hippien frå Håbakk»; mannen, opprøraren og politikaren. Det er ei bok om hemmelegheiter, røvarhistorier, kranglar, sigrar og tap, blant anna frå dei to samanhengande periodane då SV sat i regjering for fyrste gong. Hallgeir Håbakk Langeland (f. 1955) er lærar og tidlegare stortings- representant for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå Rogaland. Langeland var gruppeleiar og medlem av formannskapet i Stavanger bystyre (1991-1995) og medlem av bystyret (1995-1997). Han sat i styret for Rogaland SV (1992-1995) og i sentralstyret (1995-1999). Langeland har hatt ei rekkje verv både lokalt og nasjonalt, og er kjend for engasjementet sitt i miljø- og samferdselsspørsmål, inkludert motstand mot gasskraftverk utan CO2-reinsing og støtte til alternativ energi. Han har òg utmerkt seg som urokkeleg motstandar av norsk NATO-medlemskap, og aktiv i ulike solidaritetsorganisasjonar og arbeid for global rettferd.

Utgåver