"Garborgs Jæren" er ei poetisk og personleg "reise" tilbake til ei svunne tid. Gjennom Garborg sine eigne ord og eit rikt utval bilete frå diktaren si samtid blir naturen, miljøet og folka som danna bakteppe for Arne Garborg sin unike forfattarskap, presentert. Boka gir også eit tankevekkjande tilbakeblikk på eit samfunn - og ein diktar - på terskelen til "den nye tida". Boka har innleiing og bilettekstar av Sigbjørn Reime. Med kjelder og sitatregister.