Denne historia gjer verkeleg inntrykk. Det er hjerteskjerande å fylgja Victoria gjennom livet. Ho må kjempa så hardt. Då mora, tanta og fetteren døyr i ei ulykke, får ho heile ansvaret for heimen, med ein taus far, ein vanskeleg bror, og ein onkel som blei skada i krigen, både fysisk og psykisk. Då ho møter kjærleiken, blir det og ein kamp. Wilson er indianar, og blir absolutt ikkje godteken i byen, og det går ikkje bra. Eg skal ikkje røpa for mykje, men vil verkeleg anbefala deg å lesa korleis det går med Victoria.