9 – 15 år

Gudefjellet : Ei bok om gudar og heltar i det gamle Hellas

Halldis Moren Vesaas

1970

Originaltittel:Gudefjellet
Illustratør:
Zdenka Rusova

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Gresk-romersk mytologi
Boka er ei samling av greske myter og segner. Lesaren får høyre om Gudane påGudefjellet, dei store greske heltane som Herakles, Tesevs og Akilles, krigen mot trojanerane og Odyssevs lange sjøreise. Forfattaren har gjort dette historiske stoffet til levande lesnad i ei lettfatteleg og god språkdrakt. Nyutgåva har vorte berika med fine, uttrykksfulle trykk og gråtone-teikningar av Akin Dzakin. Dei er spennande, har variasjon i biletuttrykket og høver godt til dette stoffet. ISBN 8252145701 Her er ei samling mytar og segner frå det gamle Hellas, forteljingar som vart skapt lenge før kristen tid for å forklare det som skjedde i naturen og med menneska. Den gamle hellenske gudelæra er på ymse vis levande blant oss enno - t.d. i ord som vi stadig bruker: olympiade, labyrint, orakel og mange andre. Halldis Moren Vesaas gjenfortel på ein endefram, levande og fengslande måte. For barn frå 6-7 år. Illustrert av Akin Düzakin. Format 17,5 x 24,4 cm. 87 sider.

Utgåver