Novelle  •  Dikt  •  6 – 12 år

Hendene i vêret! : dikt, forteljing

Oskar Stein Bjørlykke

1999

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Finn gjennomlever nokre haustveker der ting ikkje er heilt som dei brukar å vere. Han og bestekameraten slåst og blir uvenner, foreldra har det heller ikkje heilt som før. Mormora, som Finn har sett så klårt for seg heilt sidan ho døyde, er liksom borte for han. I denne forvirringa følest det som om alt rivnar og sinne og aggresjon sprutar opp. Finn gjer ting han aldri har gjort før, eller trudde han var i stand til å gjere. Først når uvennskapet med Are er gjort opp, vender dagane tilbake til det normale. Agressivitet, einsemd og det å gjennomleve forandringar er viktige tema i boka. Forteljinga er skriven i eit knapt og poetisk språk i ein blanding av kortprosa og poesi. Mykje av nerven ligg på det indre planet, men forfattaren lager gode koplingar mellom dei indre bileta og den ytre handlingen. Språket er stillferdig, men likevel intenst. Samlaget, 1999. 110 s.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content