Karine Sele bur i Jølster. På 1800-tallet utvandra over tusen menneske frå Jølster til Amerika. I dag kjem menneske frå den andre sida av verda dit. Ho oppsøkjer asylmottaket og blir kjend med folka og historiene der. Det staselege sveitserhuset husar i dag nesten hundre asylsøkjarar, frå Eritrea, Etiopia, Sudan og Syria. Boka er ei nær og varm forteljing om korleis det er å vente, å vente på vedtak, vente på klager som skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje – om sakn og lengt, krig og kjærleik. Omtalen er utarbeidd av BS.