Juleroser 2023 er det niande i rekka og har bidrag frå mellom andre Kjersti Annesdatter Skomsvold, Sissel Kyrkjebø, Jane Kenyon i Hanna og Linn Ullmann si gjendikting, Gaute Heivoll, Roar Kjærnstad, Dag O. Hessen, Helene Knoop, Kjartan Fløgstad, Randi Fuglehaug, Anne Marit Austbø, Jacob Gløersen, Einar Økland, Danny Larsen, Marianne Heske og Alf C. Hvaring. Du får gleda av å sjå den vakre og unike decoupagekunsten som H.M. Dronning Margrethe II av Danmark har laga til klassikaren Snedronningen av H.C. Andersen. Den raude tråden i årets hefte er snø. I kvart hefte får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn. Årets framside er spesiallaga for Juleroser av Christer Karlstad.