Karl Oscar er ein katt som eigentleg skulle ha vore heime åleine når resten av familien reiser på sommarferie. I staden heng han seg fast i takstativet på bilen, for han vil og vere med. Ein frykteleg kastevind slenger han langt av stad. Saman med ein edderkopp som slår følgje med han, bruker han eit heilt år på finne tilbake til familien sin. Dei vandrar ute i all slags vêr. Boka er ein blanding av fakta- og skjønnlitterær forteljing. I små faktatekster forklarer Karl Oscar edderkoppen kva makrellskyer er, kva skytromber er og korleis lyn og tore blir til. Dette er ei vêrbok for barn. Billedbok for småskole-/mellomtrinnet.