Undertittel: og andre dikt for store og små. Samlinga inneheld ein variasjonav dikt både når det gjeld innhald, oppbygging og lengde. Her finn ein dikt både i bunden og ubunden form, mange med ein underfundig humor kor diktaren leikar med ord og tankar, andre med ein alvorlegare undertone. Rytmen er god, enderim og gjentaking finn ein i mange av dikta. Strofeoppbygging og - plassering er spennande. Samla formidlar dikta humør, leik og skriveglede meir enn djupe tankar og kjenslevare bodskap. Malgorzata Piotrowskas enkle strekteikningar er fulle av humor og kler dikta godt. Cappelen, 1996. [45] s.,ill. Ill.: Malgorzata Piotrowska. Nyn.