I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar over det ganske land. Her finns 17. mai-pynta ungdomshus, pressekonferansar, politiske landsmøte og gløymde talarstolar. Frode Grytten har late seg inspirere av desse bileta. Resultatet er dikt og prosa som med vidd og alvor, refsar og kommenterer ytringsklimaet i samtida. Boka inneheld òg eit nyttig kompendium med tips og triks for taletrengde.