Roman  •  Spenning  •  9 – 12 år

Kristian til vêrs

Marit Lund Bødtker

1995

Illustratør:
Øyvind Hansen

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Kristian er 12 år. Iblant gjer han ting han ikkje har lov til, som når vi møter han i denne forteljinga. Han heng høgt oppe i lufta og kjem korkje oppeller ned. Kristian er på veg til venninna Sigrid. Ho har flytta til Jakobsbakken, eit stykke unna. No er ho sjuk, og Kristian lengtar etter å sjå ho att. Ein taubane blir redninga. Den fraktar malm frå gruvene ved Jakobsbakken, og turen tek berre tre timar. Kristian lurer seg med. Så stoppar taubanen, sidan det er dagen før palmesøndag. Kva skal Kristian gjere? I denne lett-les-boka er vi noko tilbake i tid, til eit samfunn berrekjend av nokre få av dagens ungar. Situasjonen Kristian hamnar i er likevel til å kjenne att, og spenninga held fast lesaren. Her er eit stramt språk ogei god forteljing, tilsaman blir dette ei vellukka lett-les-bok. ISBN 8252146112 Note, sjå nedanfor.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube