Her er tre små historier om dei som ikkje passar heilt inn i samfunnet. Kvalen Blå er lei av havet og av å symje rundt på djupet. Ho vil finne eit diskotek der ho kan danse salsa. Ein basill er lei av kroppen han bur i, og flyttar inn i et nytt menneske. Ein døv gut er lei av å vere annleis, og rømmer til stranda, der han kan sitte og sjå utover havet. Ingen av dei tre hadde vel trudd at dei skulle ende opp saman. Dette er ei humoristisk bok som tematiserer lengt, det å finne plassen sin i livet, og å finne nokon å dele denne plassen med, på godt og vondt. Forteljingar for mellomtrinnet.