Sterke jenteskikkelsar, intense kjensler og ein utprega page turner-kvalitet kjenneteiknar bøkene til Lene Kaaberbøl (f. 1960 i København). I Noreg slo ho igjennom for nokre år sidan med Skammar-serien om Dina, jenta som kan sjå inn i auga til folk og få dei til å skamme seg over alt det gale dei har gjort i livet. Heftet «Lene Kaaberbøl : les i skolen» presenterer forfattarskapen i desse kapitla: «Lene Kaaberbøl», «Ei anna verd», «Skammar-serien», «Katriona-serien», «Oppgåver» og «Lesetips».