Ligge på vinden

Roman  •  6 – 10 år

Ligge på vinden

Erna Osland

2000

Illustratør:
Stina Langlo Ørdal

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Kristoffer sin bror, Magnus, er mykje større enn Kristoffer, og han kan alt mogleg. Han kan sykle, symje og finne fram på biblioteket. Når Kristoffer er saman med Magnus, også kalla Kongen, får han vere med på alt, men helst vil han greia å gjere tinga sjølv. Det hjelper lite at Magnus freistar å trøyste med dumme forteljingar og viser, som den Prøysen har laga om "Lillebror", ein gut som er for liten til det meste, men stor nok likevel. Kristoffer gjev seg ikkje før han sjølv oppdagar, ved eiga erfaring, at det er visse fordelar med det å vere liten. Perspektivet i forteljinga er konsentrert kring dei to brørne. Det er forholdet dei to imellom som står i sentrum, men synsvinkelen er retta mot Kristoffer: Hans oppleving av ikkje å strekkje til, og hans oppleving av å ha ein storebror som kan alt. Det er ei velskriven, kjenslevar og fin forteljing, formidla i eit moderne nynorsk. Samlaget, 2000.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content