Miljødrama i Båtvika

Roman  •  6 – 8 år

Miljødrama i Båtvika : Sindre og venene oppdagar at nokon vil grave opp myra og fjerne skogen i Båtvika. Der det no er fullt av reir, egg og fugleungar

Jostein Vågenes

2022

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Miljøvern
  • Fuglar
  • Myrer : økologi
  • Vestlandet
Sindre sitt vinteropphald i Sør-Europa endar dramatisk. Men snart er han og venene på veg til Noreg, og rolege dagar i Båtvika. Trur dei. For der skjer det mystiske ting: Kvifor vil nokon grave opp den store myra, som no er full av reir, egg og fugleungar? Og sage ned skogen og trea med fiskar Andersen sine fuglekassar? Kan den stygge gravemaskina stoppast før det er for seint? Kvifor kjem fru Berthelsen til Båtvika? Må ho også stoppast? Har barnebarna til fiskar Andersen lært noko om miljø og miljøkamp som kan brukast? Denne boka er nr. to i serien om starefuglen Sindre. Den første heiter «På haiketur gjennom Europa» (2021). Begge bøkene er sjølvstendige historier, og kan lesast uavhengig av kvarandre. Fortelling for småskoletrinnet.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content