Mørkemann

Sjølvbiografiar  •  Vaksne

Mørkemann : mi reise til kristenkonservatismen og tilbake

Emil André Erstad

2022

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Personleg kristenliv
  • Emil André Erstad, 1991-
Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt, enkelt spørsmål: Kvar er du på veg - mot himmelen eller helvete? Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne. Heilt sidan han som liten gut gjekk på søndagsskulen, var likevel målet med livet hans å kome til himmelen: Han måtte leve reint, gå på den smale stien og halde seg til boda til Jesus. Han var stolt over å kalle seg fundamentalist og meinte verda var korrupt og full av vantru. Trua hans gjekk snart ut over forholdet til familien. Systera, som var homofil, var redd for at ho aldri skulle få møte nevøen sin, sonen til Emil, og mora var djupt bekymra for kor ytterleggåande sonen hennar var i ferd med å bli. I denne boka lét Erstad oss bli kjende med eit for mange framandt, religiøst univers.

Sjå Kjetil frå Larvik bibliotek fortelje om boka

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content