I denne boka fortel fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane historia om låven, det viktigaste uthuset på det norske gardstunet. Apneseth og Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet. Og med låven som utgangspunkt, fortel dei landbrukshistorie og kulturhistorie, men også om Norge i dag. Boka samlar historia om ein viktig del av vår felles kulturarv, før den ikkje lenger lar seg dokumentere.