«Nynorsk med dei minste» er den første større publikasjonen som handlar om nynorsk språkstimulering med dei minste. Barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, treng å møte skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen – dette er utgangspunktet for boka. Her er vitskaplege artiklar om kvifor ein bør drive systematisk språkstimulering på nynorsk, om korleis språk og nynorsk blir omtala i årsplanane til barnehagane, om barneskriftkultur, om dialektar og stadnamn som pedagogisk ressurs, om litteratur og kvalitet, og sjølvsagt om lesing og skriving på nynorsk i barnehagen. Forfattarane presenterer fleire framlegg til didaktiske opplegg i spennet frå nynorske songar til nynorske appar, og dessutan kunstnariske bidrag frå kjende barnebokforfattarar. Målgruppa er studentar, faglærarar og forskarar i høgare utdanning og tilsette i barnehagar og skular. Omtalen er utarbeidd av BS.