9 – 15 år

Potetboka : smakebitar av historia til verdas viktigaste knoll

Olav Norheim

1993

Illustratør:
Mikael Holmberg

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Det er 250 år sia poteta kom til landet vårt. Ein svensk kramkar tok ho med seg over grensa rundt 1740. Boka fortel om dei såkalla potetprestane som fekk mest å seie for utbreiinga her heime. Men poteta vart oppdaga allereie for fleire tusen år sia i ein liten landsby i Andesfjella. Historia om poteta si lange vandring er interessant og eventyrleg. Ho har følgt spanske erobrarar og spreitt seg frå Storbritannia og vidare utover heile verda. Boka har ein oversikt over dei ulike potetslaga som finst i Noreg, og eit avsnitt som fortel om alt det poteta kan nyttast til. Forfattaren har ein munnleg og roleg forteljarstil. Han nytter små anekdotar som vev inn i teksta slik at det blir lett og morosamt å lese. Teikningane er enkle akvarellar i duse fargar.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content