Raudt, blått og litt gult

Biletbok  •  6 – 15 år

Raudt, blått og litt gult : FS 63

Bjørn Sortland

1996

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Vesle Oda er med onkel i det store kunstmuseet. Onkel må ikkje forstyrrast, så da Oda blir tissetrengd, gir ho seg i veg på eige hand for å leite etter ein do. Ho smett på seg ein raud kjole og ein stråhatt som berre ligg der ogfreistar, og forundra finn ho seg att i ei verd der mange kjende biletkunstnarar - frå Rembrandt til Salvador Dali, talar til ho og let ho vandre inn og ut av kunstverka deira i leiting etter ein do. Til slutt finn ho verkeleg ein, men så visar det seg at det berre er den ubrukelege manne doen til Marcel Duchamps. Og det er kanskje ikkje så rart, konkluderar vesleOda, sidan det "er berre menn som har bestemt korleis alt skal sjå ut i denne historia". Dette er ei vakker og morosam biletbok i stort format og gjennomført layout, som vil fungera godt for ein som har litt peiling på kunsthistoria. Teiknaren viser ikkje originalen som han leikar vidare med. Gode bilete, målarane er godt og karakteristisk portrettert.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content