Børre er berre eit bittelite spøkelse. Han vil så gjerne spøke like bra som dei store, men er redd for skumle skogar og skremmande slott. Om han berre kunne finne eit lite og hyggeleg hus å spøke i. Børre drar ut for å leite, og på vegen må han gøyme seg for ein ulande ulv, ein kvesande slange og ein brølande drake. Det blir litt skummelt, men går heldigvis bra. Til slutt finn han eit bittelite slott som treng eit bittelite, kongeleg spøkelse. Dette er ei forteljing om å overvinne frykt og finne ein stad å kjenne seg trygg. Billedbok for førskolebarn.