Lån boka
Om boka
Alex er rebell, eller det er iallfall det han kallar seg. Han bur i lag med mor si i Stavanger og blir kalla "Storhaugs skrekk". Han held seg meist inne og høyrer på samlinga av lp-plater med punk han arva etter far sin, før han stakk av gårde til Thailand og fann seg ei dame der. Alex chattar mykje på internett med ei mystisk jente som heiter Julia, samtidig som han kanskje er forelska i Silje i klassen. Han tek toget til Oslo for å møte Julia, men hoppar av i Egersund fordi han plutseleg kjennar på seg at ho er ein bløff, og dessutan får han ein svært oppløftande SMS frå Silje. Men kva med Beate frå Vassøy og venninna hennar? Dei er heller ikkje verst. Det er jammen ikkje lett å vere rebell. 135 s. Ib. 2003.