Bullterrieren, Rosa, er igjen på farten. Saman med damemennesket sitt har ho flytta til den merkelege byen. Der er det utsputta tyggegummiar, korkar, gamle pølsebrød og ikkje minst mange svært så ulike hundevesen. Nokon er snille og andre litt farlege, men ille går det ikkje før Rosa et opp leikenesine - gummibananen og plastelefanten. På ein humørfylt måte fortel boka om kvardagen til ein vilter og nysgjerrig hund som ikkje oppfører seg heilt slik eigaren forventar. Perspektivet mellom hund og eigar er snudd opp ned. Her er det "den minste" som har styringa, og kanskje både små og store lesarar kan kjenne seg att. Illustratøren, Eva Eriksson, har ikkje minst ærafor at dette er ei vellykka og morosam biletbok. Fargeblyantteikningane har ein ledig strek og mange artige poeng. Rosa er ei hundejente til å bli glad i.