Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill

Roman  •  9 – 12 år

Seeräuber-Jenny und Einauge-Bill

Atle Hansen

2007

Originaltittel:Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill
Illustratør:
Christiane Hansen

Lån boka

Om boka

  • Sjørøvarar
Piraten Einauge-Bill har segla skuta si heim og funne seg ei stille vik. Då dukkar plutseleg gamlekjærasten, Sjørøvar-Jenny, opp, og i hælane på henne følgjer Grusomme Grim. Grusomme Grim jaktar på ein skatt som Jenny har teke frå han, og dermed er det slutt på Einauge-Bill sine fredelege dagar. Boka har eit enkelt handlingsmønster, og historia er fylt med fart og spenning. Her finn vi vonde skurkar og modige heltar, vakre sjørøvar "prinsesser", kjærleik og sjalusi og sjølvsagt ein mystisk skatt. Historia har med alle dei kjenneteikna som høyrer til sjangeren; lett overdrivne personteikningar,fantastiske hendingar og ein lukkeleg slutt. Forfattaren har valt ein overraskande og fin vri på kva som er sjølve skatten. Boka har fått store oggode bokstavtypar som er lette å lese, og ho er illustrert med nokre få kraftige tusjteikningar som passar til den viltre historia. Cappelen, 1997.

Utgåver

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content